Breidablik opp

EVENT INFORMATION

Breidablik OPP

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan  verdsrekorden på 42:35 frå 2018 stå for fall i år? Legenda Stian Angermund-Vik innehar den offisielle rekorden.
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp

Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018

Fjellparadiset sett frå lufta. Dronefoto: Bergen og Hordaland Turlag

Trasé:
Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

Reglar:
Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!

Pris:
Konkurranseklasse: kr 400
Trimklasse: kr 150

Målportalen er ei flyboren rot!

To legender: grunnleggjar av Breidablik, Bjarne Huse, flankert av verdsrekordhaldar Stian Angermund-Vik.


Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!

breidablik
bergenoghordalandturlag
dnt

Restrictions

Ingen refusjon på kjøpte billettar