page view image

Bingo med Microbandet på Tyst

EVENT INFORMATION
event image

Sommarens store høgdepunkt på Tyst! Legendariske Microbandet kjem på besøk med det utruleg populære bingokonseptet sitt. 


Aldri vore på bingo med Microbandet? Skandale! Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal) og Brit Aksnes (gitar, vokal) har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet.

Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida på byens etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda, i eit hus som garantert har husa mangfaldige bingoar oppgjennom tidene. Velkomne til Tyst på Holmatun og hugs: ikkje lov å ropa bingo før du har bingo – for då tømer me ut drikko di!

Program:

Kl. 19:00: Dørene opnar.
Kl. 20:00: Bingostart
Kl. 02:00: Baren stengjer
Kl. 02:30: Dørene stengjer

Pris kr 150

23 års aldersgrense