Folkemusikkpøbb med PER ANDERS BUEN GARNÅS: MYLLAREN

Arrangementsinformasjon

OBS: Denne konserten er blitt flyttet grunnet smittevernsproblematikk. Ny dato er 10.2.22. Kjøpte billetter gjelder fremdeles.

Tre fredager i første halvår av 2022 kommer en av våre aller fremste formidlere av slåttespel på hardingfele til Kongsberg for å presentere tre av de største spelemennene i Telemark på 1800-tallet; Myllarguten, Gibøen og Fykeruden. Gjennom ord og toner vil Per Anders gi oss et innblikk i disse tre spelemennene sine liv og musikk.

10. februar - Myllaren
18. mars - Gibøen
29. april - FykerudenMYLLAREN
I denne fyrste av tre konsertar med Per Anders Buen Garnås vert me presentert og betre kjend med kanskje den aller mest kjende spelemannen på hardingfele gjennom tidene; Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten.Myllarguten vart fødd i Sauherad, truleg hausten 1801, men flytta etterkvart til Arabygdi i Vinje. Han vart gjennom spel i gjestebod og andre tilstelningar ei stjerne blant spelemennene i Telemark, noko som resulterte i at rykta nådde Ole Bull som tok han med seg og heldt den vidkjende konserten i Gamle Losjen, Christiania 1849.Denne konserten er vigd livet til Myllarguten, på godt og vondt, ført i penn, tale og hardingfele av Per Anders Buen Garnås.OM PER ANDERS BUEN GARNÅS - HARDINGFELE
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.
Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Kongsberg. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabelaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre konsertane «Myllaren», «Gibøen» og «Fykerud´n» får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.Medvirkende:
Per Anders Buen Garnås - Hardingfele og manus

Dørene åpner kl. 19.00. Konsertstart kl. 20.00. Billetter på TicketCo (se lenke) og i døra.




perandersbuengarnas
energimølla
kongsbergspelogdansarlag
folkemusikk
folkemusikkpøbb