GAMMALGRASS på FolkJazzScena/Førdefestivalen

Arrangementsinformasjon

Førdefestivalen er yre av glede over endeleg å kunne invitere til konsert med den vidgjetne trioen Gammalgrass! 1. mars er Ola Kvernberg, Stian Carstensen og Ole Morten Vågan klare for å gje dykk ein skikkeleg godbit av ein konsert.

Musikken deira er ein unik miks av gammaldans og bluegrass; difor namnet Gammalgrass. Vi snakkar rett og slett virtuos, genial musikalsk humor, presentert av tre musikarar som set kvarandre i stemne både verbalt og musikalsk. Med stort overskot og enorm leikelyst serverer trioen den herlegaste salongmusikk du kan tenkje deg, med innslag frå kvar ein krik og krok i Europa. Vi snakkar verdsklasse, her er det berre å sikre seg billett!

VG-melding: http://www.vg.no/rampelys/musikk/musikkanmeldelser/plateanmeldelse-gammalgrass-obsolete-music-1/a/10142661/

Intervju på nrk.no: http://www.nrk.no/kultur/kontorkonsert-med-gammalgrass-1.8367706

olakvernberg
stiancarstensen
olemortenvågan
gammaldans
bluegrass
folkemusikk
førdefestivalen
førde
gammalgrass
scandicsunnfjordhotel