Treretters middag i Fjæra Sjøhus

Dei to kokkane våre, Torjus Raknes og Petter Beyer, har både laga mat og spela musikk saman i ei årrekke, og har erfaring frå nokre av Bergens fremste restaurantar og festivalar. Under Håsong 2024 serverer dei ein herleg treretters middag basert på lokale råvarer.

29.06.2024 14:00 @ Fjæra Sjøhus, Hosanger
Kyrkjekonsert med The Last Hurrah (!!) Big Band

The Last Hurrah (!!) Big Band inviterer til ei unik og vakker reise i ord og tonar i Hosanger kyrkje. Me får høyra eksotiske instrument som verdsklasse steelgitar, klassisk theremin, guzheng og mellotron, nydelege vokaltolkingar og fleirstemd song.

29.06.2024 14:00 @ Hosanger kyrkje, Hosanger på Osterøy
Dobbeltkonsert med Sarah Jory og Bearfarm. Musikalske kontrastar.

Festivalen får besøk av ein smått legendarisk pedal steel gitarist frå England. Dessutan kjem Bearfarm, eit liveband som kan levera alt frå ambient atmosfœrisk musikk til knallhard dansemusikk, spela med live akustiske instrument og synthar, og med ein god dose elektroniske effektar. Dette blir ei spanande musikalsk reise, der det ikkje er forbode å ta på seg danseskoa om ein skulle føla for det!

29.06.2024 19:00 @ Mjøsvågen Landhandleri, Hosanger på Osterøy
Festival roundtrip Bergen-Hosanger-Bergen

June 29th a small art festival (Håsong) takes place at the beautiful village of Hosanger outside of Bergen. At Hosanger you can experience performance art, art exhibition, concerts, delicious food and more.

29.06.2024 09:30 @ Dreggekaien, Bergen - Hosanger, Osterøy
DS Oster til Håsong 2024

Ta gamle dampen frå Dreggekaien i Bergen til Hosanger, der du kan oppleva utstillingar, performancekunstnarar, konsertar, lokal mat og foredrag!

29.06.2024 09:30 @ Dreggekaien, Bergen - Hosanger, Osterøy
Festivalbuss

For deg som vil reisa til og frå Bergen/Arna for å få med deg Håsong kunstfestival.

29.06.2024 12:15 @ Arna-Hosanger-Bergen
Powered by