page view image

Kinnaspelet søn 1300

Arrangementsinformasjon


å speleplassen ved Kinnakyrkja opnar det seg ein scenografi med blått hav og høg himmel. Kinnaklova og den gamle kyrkja frå 1100-talet, rammar inn landskapet som spelar med i "Songen ved det store djup", og fortel ei meir enn 1000 år gamal dramatisk historie. Dette er teateret ved havet, så langt vest du kan kome i Norge - det er ei oppleving du sjeldan finn maken til. 


I tillegg til teaterstykket "Songen ved det store djup" kan du gå turar i storslått natur. Kinnakyrkja er under rehabilitering og vil vere stengt i år. Sigrid Moldestad held konsert på scena kl. 15.15 og den er inkludert i billetten. Men berre å kose seg og treffe folk, er ei viktig del av opplevinga på Kinn. I to kioskar kan du få kjøpe mat og drikke. Det er viktig med gode kle når ein skal sjå utendørsteater så langt vest i havet.

______________________________________________________________________________



Det er ein båtreise på 25 minutt frå Florø og ut til øya Kinn. For dei som kjem frå Bergen tek turen om lag 3 1/2 time. For dei som tek båten frå Askvoll er det er reise på 45 min. 

Dei som reiser med båt til Kinn frå Florø må møte opp på Fugleskjærskaia i god tid før framsyninga tek til. Vi tilrår at du er ute 2 timar før. Båtane går så snart vi har fylt dei opp med publikum. Dei som reiser til Kinn på eigenhand møter fram på speleplassen ved kyrkja.

Det vert sett opp båt frå Strandkaiterminalen i Bergen til søndag. Denne har avgang klokka 08.00 og vil vere attende om lag 19.30. Det er høve å komme på båten på Knarvik, Vardetangen og Krakhella. Dette kryssar du av for ved kjøp av billett.

Det vert sett opp båt frå ferjekaia i Askvoll. Avgang frå Askvoll vert 1100. De vil vere attende om lag klokka 17.30.

Kinnaspelet vert framført av Teater Vestland.
Musikarar og 160 lokale aktørar er med på spelet.
Spelet varer 1,5 timer uten pause.


Du finn meir praktisk informasjon på www.kinnaspelet.no