page view image

Strok // Statsraaden

Arrangementsinformasjon


Fredag 28. februar spelar bandet Stròk frå Ulvik i Hardanger på Statsraaden i Bergen. 
Stròk spelar for det meste folkrock, men det kjem gjerne ein vals eller masurka om stemninga i lokalet tilseier at det er ein god ide. Bandet har ein del eigenkomponerte låtar, men spelar også mykje materiale folk vil kjenna att, som låtar av The Pogues, The Waterboys, Flogging Molly, Dropkick Murphys med fleire. Det vil også bli spelt klassiske rockelåtar gjendikta til norsk, som til dømes Ace of Spades (Mötorhead), White Wedding (Billy Idol) og Bad Romance (Lady Gaga) . 
Oftast er det høg stemning, store smil og mykje ”armar og bein” når STRÒK spelar. 
Stròk plar å seia dei er store i Hackney og i Sørfjorden. Dette vert sagt mest på skjemt, men også litt på alvor. 
Bandet har ein årleg tur til London på ein fast turne på nokre kneiper i Aust-London i samband med St. Patrick’s Day 17. mars. 
I Stròk på Statsraaden stiller
Knut Arve Hakestad (gitar, vokal), 
Topho Nordtveit (trommer, perkusjon), 
Håkon Askeland (banjo, mandolin), 
Sigbjørn Øydvin (toradar, fløyte, munnspel)
Terje Hjartnes (bass).

CC: 150kr


musikk statsraaden statsraadlehmkuhl statsraadenbar livemusic konsert konserteribergen hvaskjer hvaskjeribergen indie indiepop indierock strok