page view image

Bluegrasskonsert i Frislidlada Søndag 12/7 2020

Arrangementsinformasjon

Kall det retro, hillbilly, bluegrass eller rockabilly - gruppa jobbar knallhardt for noko Kody sjølv kallar “dern good entertainment”. Med djupe røter i Nord-Amerikansk folkemusikk, har Kody Norris skapt eit konsept som bringer ære over det Bill Monroe, Jimmy Martin’s Showmanship og The Stanley Brothers Harmonies skapte. Med svært høg kvalitet på alt frå teknikk til humor og snert, er dette ei underhaldningspakke kledd i fargerike dressar. Totalpakken blir altså SHOW. 

Firerbanden består av Kody Norris på gitar, Mary Rachel Nalley på fele, Tyler Wiseman på bas og Josiah Tyree på banjo. 

Albumet “When I Get The Money Made” blei kåra til Bluegrass Album of the Year i 2017, av National Traditional Country Music Association. Og The Kody Norris Show hadde 7 nominasjonar i 2018 SPBGMA Awards i Nashville. 

Med over 80 spelejobbar i året, er The Kody Norris Show eit band som dekkar eit område frå Canada til Mexico, og pr. dags dato manglar dei berre 2 statar i The U S of A. Dei har vore ein del av University of Chicago Folk Festival og har opptrådt i Smithsonian og The Kennedy Center, og er ein del av RFD-TV’s Network, The Cumberland Highlanders Show og The Bluegrass Trail.

Du kan oppleve The Kody Norris Show fleire stadar under Norsk Countrytreff - både i kyrkja, på hovudarenaen og i Frislidlada på den tradisjonelle bluegrasskonserten.

blågras bluegrass frislidlada nct country the kody norris show kody