page view image

AVLYST Vossa Jazz 2020, Tingingsverket: Ingebrigt Håker Flaten

Arrangementsinformasjon

Ingebrigt Håker Flaten med Tingingsverket 2020!

Ingebrigt Håker Flaten har sidan midten av 90-talet vore ein av dei mest sentrale musikarane på den norske jazzscena. Han har samarbeida med ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar, og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde i ei rekkje ulike band. Ingebrigt Håker Flaten har vore særdeles delaktig i å definera den «nye» norske jazzen, og han er ei naturleg musikalsk drivkraft i kvar ein konstellasjon. I 2019 fekk han Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking.  

Til Vossa Jazz kjem han med verket EXIT KNARR, og han har for høvet sett saman ein ny oktett som omfattar eit spanande og internasjonalt ensemble med røter frå Noreg, USA og Slovenia. 

Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon.

voss vossajazz vossajazz2020 jazz festival jazzfestival ingebrigthåkerflaten tingingsverk