page view image

Frode Grytten Beat Band - Støperiet

Arrangementsinformasjon

Ring - A - Ding - Dong - Ding
-Absolutt juleambivalens-

Her kjem eit lite klapp på skuldra til alle dei som ikkje trur på Disney eller Hanne Krogh. Her er litt søstersolidaritet med alle dei som ikkje trur på julenissen eller sølvgutane eller etisk juleribbe eller jul i Skomakergata.


Her er litt trøst til alle som lid av absolutt juleambivalens. Her er ei utstrekt hand til alle som bare har lyst til å høre dei aller finaste julesongane som nokon gong er skrive. Garantert fritt for Det hev ei rose sprunge og Gjev Meg Handa Di Ven.


Frode Grytten Beat Band feirar vinteren, snømenn, desember og det nye året som snart skal komme.


Frode Grytten Beat Band:

Dette bandet kom til verda onsdag 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten, underteikna, eigentlig halde foredrag om beatpoesi og musikk i Bergen. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tell it. Det endte med at eg leverte ut to A4-ark før vi spelte ein times konsert. Applaus. Suksess. Sidan har vi heldt fram som meir enn eit illustrert foredrag. Først nytta vi dikt av beatpoetane Ginsberg, O’Hara, Corso, Kerouac. Etterkvart har vi tatt til å bruke meir av eigne tekstar og plukka opp songar vi har eit tett tilhøve til: Velvet Underground, Tom Waits, Talking Heads, Flaming Lips, The Clash, Sharon Van Etten, Bruce Springsteen. Men: Nok preik, ok? Beat! Det skal bli gylne sardiner & avkledde hjernar, det skal bli Amerika med vestlandsbeat. You feel it, the beat in a jazz, real cool jazz. Hør etter på eigen risk!!!