page view image

Kropp og utenforskap

Arrangementsinformasjon

Vi tolkar kvarandres kroppsspråk i møter og samtalar. Men kva skjer når andre ikkje klarer å sjå forbi kroppen din, og les den som noko uforståelig eller uønska?

I Samlagets essayserie, Norsk røyndom, skriv både Camara Lundestad Joof og Bjørn Hatterud om å bli møtt som noko framand. Eg snakkar om det heile tida er Joof sitt vitnemål om møter med rasisme i ulike formar, men også - i kontrast til tittelen - stillheita som så ofte omkransar rasismen. I Hatteruds Mot normalt, kan vi lesa om hans erfaringar med funksjonshemming, overvekt og det å vere homofil i ei lita bygd på Austlandet.

Møt dei i samtale med forfattar og språkforsker Helene Uri, som sjølv er aktuell med boka Hvem sa hva?.

kapittel19 fredag joof hatterud uri kjelleren samlaget søiland ung