Orgelkonsert med Hallgeir Øgaard Westli

Arrangementsinformasjon

Torsdag 17. oktober vert det konsert i Stedje kyrkje ved kantor i Leikanger kyrkje, Hallgeir Øgaard Westli.
På programmet står musikk av Johann Sebastian Bach, Johannes Brahms, David German, George Thalben-Ball og Alexandre Guilmant. Frå siste komponist fremfører Hallgeir hans femte orgelsonate, ein storslått sonate som krev mykje av både orgel og organist.

Hallgeir Øgaard Westli er fødd i Alversund utanfor Bergen i 1984.

Han starta si musikalske utdanning då han var sju år; først på fiolin og piano, og då han var 12 år byrja han å spele orgel.

Frå 2004 – 2008, studerte han ved Griegakademiet i Bergen, der han studerte orgel og kordireksjon med Karstein Askeland, Sigbjørn Apeland og Magnar Mangersnes som lærarar. Frå 2009 – 2011 studerte han barnekorleiing, eit studium i samarbeid med Høgskulen i Volda og Ung Kirkesang.

Hallgeir har vore aktiv deltakar på fleire meisterklassar med mellom andre Olivier Latry, Eric Lebrun, Andreas Bondemann, Hans Ola Ericsson, Simon Preston og Hans Fagius.

Frå 2008 - 2011 var Hallgeir kantor i Vardeneset kyrkje, Stavanger. Medan han var her, var han med å stifte konsertserien «Orgel i sentrum», som arbeider for å fremje interessa for orgelet som konsertinstrument.

I 2011 flytta Hallgeir tilbake til Bergen for å arbeide som kantor i Salhus kyrkje. I tida her, jobba Hallgeir mykje med å skaffe eit nytt orgel til kyrkja. I 2014 kunne Salhus kyrkje feire at deira nye orgel, bygga av Metzler Orgelbau i Sveits, stod ferdig. Dette var firmaet sitt fyrste instrument i Skandinavia.

Frå 2012 – 2015 var Hallgeir ansatt som kantor i Arna kyrkje, Bergen. Her jobba han aktivt for å skaffe finansiering til ein ny spelepult til orgelet i kyrkja, det siste steg for å fullføre restaureringa av instrumentet. Denne spelepulten blei installert våren 2017.

Frå 2015 er Hallgeir ansatt som kantor i Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd. Han har her hovudansvar for Leikanger og Fjærland kyrkjer. I perioden 2016 – 2019 var Hallgeir i tillegg dirigent for Sogndal musikklag.

Hallgeir har spelt ei rekkje konserter i inn- og utland, mellom anna i Odense domkyrkje (Danmark), Skien kirke og Bergen domkirke. Han har óg vore solist på Fartein Valen Festivalen i Haugesund.

(Foto: Fotograf Marta Øgaard)