page view image

Norsk Countrytreff 2020

Arrangementsinformasjon

Kjøper du billett på førehand får du:

  • Raskare inngang til konsertane- mindre kø!
  • Eiga innsjekkluke til camping med mindre kø
  • Innslepp til camping onsdag kveld 18.00-21.00 (begrensa sanitærkapasitet) Du må påreikne noko kø.


I 2020 blir Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 26.gong. I løpet av andre helga i juli vil kring 20 artistar/band stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, til 2017 med 13200 besøkande, var det i 2018 ny publikumsrekord med  17 600 konsertbesøkande på arrangementa, som alle finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år, og ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg. Er du under 13 år er det gratis utanfor sjenkeområdet.

country breim vassendgutane countryfestival norskcountrytreff norsk countrytreff festival gunslingers carter get rhythm kody norris bluegrassband pat reedy longhorn mighty magnolias cajun gumbo carlene carlene carter