page view image

Bokprat: Ord er farlege. Du kan døy av dei.

Arrangementsinformasjon

Aftenbladjournalistane Finn E. Våga og Jan Zahl reiste ut i verda - til Reykjavik, Bergen, Frankfurt, Paris, Göteborg og New York - for å møta seks forfølgde kunstnarar som gjennom det Stavanger-baserte fribynettverket ICORN har funne ei frihamn i eksil. Deretter reiste dei til landet kunstnarane måtte flykta frå - Cuba, Bangladesh, Tyrkia, Iran, Palestina og Sri Lanka - og møtte dei som blei igjen. Dei som nektar å halda kjeft.

Prosjektet har resultert i ein artikkelserie i Aftenbladet, i podkastserien "Forbudte stemmer" og i haustens bok "Forbodne stemmer", som blei lansert på norsk og engelsk på den internasjonale bokmessa i Frankfurt i oktober. 

Til Sølvberget kjem Våga og Zahl med foredrag og foto.
Det blir boksalg og signering etter arrangmentet.

Det er mulig å ta ut gratisbilletter på sølvberget.no en uke i forkant for å sikre deg plass på Bokprat. Møt opp et kvarter før arrangementet starter. Det er fremdeles mulig å komme uten billett til Bokprat og satse på tidlig oppmøte.

 

bokprat senior voksne skjønnlitteratur