page view image

Bluegrasskonsert i Frislidlada Søndag 14/7 2019

Arrangementsinformasjon

The Bluegrass Boogiemen med gjestesangar Cor Sanne tar turen frå Nederland til Breim for å spele på Norsk Countrytreff. Du kan også oppleve dei i Frislidlada Søndag kveld 14/7.

Gutta har spelt i lag i mange år, og har oppnådd eit godt renomè i bluegrassmiljøet verda rundt. Høgt tempo og klar sang kombinert med humor og snert er ein fantastisk miks, og denne gjengen meistrar kunsten!

Musikken består av både sjølvlaga materiale, samt musikk frå bluegrass-heltane Bill Monroe, The Stanley Brothers, Lester Flatt & Earl Scruggs, Jimmie Martin og mange mange fleire. 



Mighty fine pickin`and a-singin`! Misery & Co frå Nordfjordeid leverer bluegrass og akkustisk country spelt med humør og trøkk. Silvia, Oddbjørn, Atle, Eirik og Sigmund stiller med gitar, banjo, fele og kontrabass og garanterer topp stemning med låtar av mellom andre Chris Stapleton og Alison Krauss.

blågras bluegrass frislidlada nct country