page view image

FOLK PÅ BACKES - Konsert med Raabygg

Arrangementsinformasjon

I vår nye og glade konsertserie:  FOLK på Backes inviterer vi deg med på en sjarmerende konsert med Raabygg. Backes Bu skaper en intim og spennende ramme rundt folkemusikken. Det er slik vi liker å presentere folkemusikken til dere. Det folkelige, fortellingene, formidlingen og musikken blir så ekte og nær. 

Raabygg

Raabygg tek deg i handa og leier deg inn på den mangslungne stien av folkemusikk frå dei indre bygdene på Agder. Det er røft, vart, dansbart, humoristisk og vakkert. Trioen byr på spennande musikalske arrangement, men har likevel tradisjonen i høgsetet. 

Bandet har hatt seks år saman på vegen der dei har hatt konsertar i inn- og utland, spelt til dans for fulle dansegolv, og vunne landskappleiken. I 2016 kom debutalbumet Ein etter far, og i mai 2019 slepp dei sitt andre album med påfylgjande turné vår og haust same år. Begge albuma er gjevne ut av Etnisk musikklubb AS. Siste albumet gjevast ut i både Noreg og Tyskland.

Alle medlema i Raabygg har mange prosjekt og jern i ilden kvar for seg, i tillegg til at dei alle tre står stødig som tradisjonelle soloutøvarar. Ei av damene i bandet, Johanne Flottorp, var nominert for soloalbumet sitt til spellemannspris i kategorien Folkemusikk / tradisjonsmusikk 2018.

Johanne Flottorp - hardingfele, song og perkusjon
Tuva Færden - hardingfele, song og lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore - song, harpeleik og munnharpe

Raabygg har vært i Farsund før, så både trioen og vi gleder oss stort til gjensyn og gjenhør. Det bør dere også gjøre og ta turen til Backes fredag 24.mai kl. 19:30

Billettpris kr. 200,- barn gratis