page view image

Americanafestival 2019

Arrangementsinformasjon

9. mars er det klart for den andre Americanafestival i Gymmen!

Også i år vil du kunne høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring. Mellom anna kan ein oppleve elevar frå kulturskulen i Eid, ulike soloinnslag og lokale band som vil formidle musikk med røter i den amerikanske folkemusikken.


Til å headline kvelden har vi fått med oss fantastiske Amund Maarud & Lucky Lips. Dette er eit av dei mest spennande americanainnslaga i Noreg akkurat no. Amund Maarud er ute med sitt sjette soloalbum «Perfect Stranger». Det er eit strålande album med mykje akustiske instrument og ein sjangermessig dreining mot americana og roots i større grad enn tidlegare.

Når Amund er ein av dei råaste gitaristane i landet, Lucky Lips er det perfekte country/bluegrassbandet og dei ilag har laga ei steinbra nytt americanaplate som dei turnerer med - så er det enkelt: Dei må spele på Gymmen Americanafestival 2019!


Americanafestivalen i Gymmen vil passe for både musikkinteresserte og nysgjerrige publikummarar som vil oppleve kvalitetsmusikk ei triveleg atmosfære i staselige og koselege Gymmen.


Arr: Gymmen Scene & Studio and Americanafriends
CC: 250,-
18 års aldersgrense. Er du i i alderen 15-18 kan du få adgang dersom du er i følgje med i verje som må være fylt 23. Verje kan ikkje ha ansvar for fleire enn 2 under 18 år. Verjeskjema må fyllast ut og takast med til konserten. Les meir og last ned skjema her

ARTISTOMTALER:
AMUND MAARUD & LUCKY LIPS
Amund Maarud er ute med sitt sjette soloalbum «Perfect Stranger». Det er eit strålande album med mykje akustiske instrument og ein sjangermessig dreining mot americana og roots i større grad enn tidlegare.
Når Amund er ein av dei råaste gitaristane i landet, Lucky Lips er det perfekte country/bluegrassbandet og dei ilag har laga eit steinbra nytt americanaalbum som dei turnerer med - så er det enkelt: Dei må spele på Gymmen Americanafestival 2019!

Det nye musikkprosjektet til Amund Maarud har mykje country, bluegrass og soul-referanser i lydbildet, i tillegg til Amund sin sterke bluesidentitet i både vokal og gitar. Med seg på laget har Amund fått med seg americana/bluegrassbandet Lucky Lips frå Oslo.
Dei ga ut sine to fyrste plater på Snaxville Recordings. Lucky Lips vart kåra til #1 European Bluegrass Band 2011 og består av veldig dyktige instrumentalister og dannar eit kollektiv med briljans og groove. Dei passar perfekt til prosjektet og låtane er også skrive for å passe denne besetninga. I tillegg passar vokalist Malin Pettersen sin vokal perfekt inn og krydrer vakkert med duettar og harmoniar. Å bruke Lucky Lips er eit bevisst grep for å skape eit forskjellig uttrykk frå dei andre platene Amund har laga. Inspirasjonskilder for albumet/prosjektet er m.a Blake Mills, Ry Cooder, Buddy Miller, Robert Plant og Little Feat.
Amund er særlig begeistra for måten disse artistane blandar det akustiske og det elektriske på. Han har med denne plata lyst til å utforske og etablere korleis det let av han i ein mer dempet setting uten å ta bort hans særtrekk som musikar.
Til dette prosjektet har Amund samarbeidet med flere meritterte låtskrivere som m.a Nashvilleartisten Jace Everett.

Vert stor stas!



enkelkonsert gymmen gymmenscene gymmensceneogstudio