page view image

Fredrik Steen - Breaking Dad

Arrangementsinformasjon
Standup på Sørumfestivalen 2019: Førpremiere på Frogner Kultursenter!

Fredrik Steen er ein av veteranane i det norske standup-miljøet som slo rot i Oslo på 1990-talet, og har meir enn 2000 show bak seg. Komikaren frå Ulsteinvik er òg kjent som mannen som ga oss Hildegunn Moltubakk - Norges mest eksentriske og gardinglade husmor. Showa med Hildegunn & Leif-Per vart sett av over 150.000 menneske over heile landet, i tillegg til hundrevis av opptredenar i radio og fjernsyn.

Siste året har Fredrik gjort seg bemerka som kommentator i humorserien "Match" på NRK, ein serie som hausta svært gode kritikkar. VG ga serien terningkast 6, og anmeldaren var svært begeistra for Steen sine prestasjonar:

"Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...) Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL."

I "Breaking Dad" handlar det mykje om å vere pappa. Fredrik Steen har fire barn med tre ulike kvinner, og han har såleis gjort akkurat det naturen vil at han skal gjere - han har smurt genmaterialet sitt godt utover!  Men korleis er det eigentleg å ta til på ei ny samlivsrunde for tredje gong? Kva må til for at ein som nærmar seg 50 skal orke nok ei runde med bleieskift, nattevåk og grautrestar på skjorta? Jau, han må bli Breaking Dad!

REGI: TOM STERRI

Varigheit: 1 time og 15 min.
Aldersgrense: 18 år.

Adresse:
Frogner Kultursenter
Trondheimsvegen 364
2016 Frogner (Akershus)
indre.no rb.no eub.no sørumfestivalen