page view image

VINTERNATT I JOHANNESKIRKEN

Arrangementsinformasjon

GRATIS FØRJULSKONSERT I JOHANNESKIRKEN

Vinternatt er ein førjulskonsert som speglar ventetida, ei tid full av von og gleda. Dei gamle og kjære julesongane vil me gjerne høyra om att og om att, år etter år. Nostalgien tek oss med attende til tida da me var små, himmelen var stjerneklår, og det var så bitande kaldt at det knest under skoa når me gjekk i snøen. 

Denne konserten vert spesiell, og Johanneskirken vert fylt av vedunderlege tonar arrangert av Inger-Kristine Riber for strykekvartett, piano og song. Seattle-Bergen Sister City Organization gjev Bergen by ei stor julegåve ved å  samla inn pengar denne hausten for å legga til rette for samarbeidet med strykekvartetten som kjem frå Seattle for å spela jula inn i Noreg. Du kan lesa meir om innsamlinga her: go fund me    

Hjarteleg velkomen til konsert!

Medverkande: 

Reidun Horvei (song/forteljing) 

Inger-Kristine Riber (piano) 

Allion Salvador (fiolin)

Rachel Nesvig(fiolin/hardingfele)

Aleida Gehrels (bratsj)

Zoë Kohen Ley, (cello)

advent førjulskonsert julekonsert familiekonsert reidunhorvei vinternatt seattle-bergen sister-city doktorgarden julesong inger-kristineriber strykekvartett folkemusikk klassisk klassiskejuletoner johanneskirken