page view image

VINTERNATT

Arrangementsinformasjon

FØRJULSKONSERT I LÆRUMHUSET

få med deg årets vakraste førjulskonsert i den gamle doktorgarden på Voss med:  

 

Reidun Horvei (song/forteljing) 

Inger-Kristine Riber (piano) 

Allion Salvador (fiolin)

Rachel Nesvig(fiolin/hardingfele)

Aleida Gehrels (bratsj)

Zoë Kohen Ley, (cello)


Inngangsbill.:kr. 300.- 


Vinternatt er ein førjulskonsert som speglar ventetida, ei tid full av von og gleda. Dei gamle og kjære julesongane vil me gjerne høyra om att og om att, år etter år. Nostalgien tek oss med attende til tida da me var små, himmelen var stjerneklår, og det var så bitande kaldt at det knest under skoa når me gjekk i snøen. 

Konserten i år vert spesiell, og doktorgarden på Vossevangen vert fylt av vedunderlege tonar arrangert av Inger-Kristine Riber for strykekvartett, piano og song. Seattle-Bergen Sister City Organization samlar inn pengar i haust for å legga til rette for samarbeidet med strykekvartetten som kjem frå Seattle for å spela jula inn på Voss. 

Hjarteleg velkomen til konsert!

advent førjulskonsert julekonsert familiekonsert reidunhorvei vinternatt seattle-bergen sister-city lærumhuset doktorgarden julesong inger-kristineriber strykekvartett folkemusikk klassisk klassiskejuletoner