Nytt norsk samhald

Arrangementsinformasjon

Møt to forfattarar som har skildra og ytra seg om det fleirkulturelle samfunnet, og om nye former for fellesskap i Noreg: Sumaya Jirde Ali og Zeshan Shakar i samtale med Elisabeth Hovland.

Zeshan Shakar er frå Stovner. Han er utdanna statsvitar, og har også studert økonomi på BI. Han debuterte hausten 2017 med romanen Tante Ulrikkes vei.

Sumaya Jirde Ali er samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen, aktivist og poet. I 2017 gav ho ut diktsamlinga Kvinner som hater menn. Som del av Samlaget si pamflettserie Norsk røyndom, gav ho i år ut Ikkje ver redd sånne som meg.

Elisabeth Hovland er tidligare radiojournalist i NRK Rogaland. I dag er ho frittståande journalist og kulturformidlar.

shakar
ali
hovland
kapittel18
lørdag
aftenbladkort
samlaget
gyldendal