page view image

Å, Vestlandet!

Arrangementsinformasjon

«Du kan reise ut i verda, du kan følgje draumen din, gå på karneval i Rio, sjå på muren i Berlin. Du kan oppleve ein masse, du kan lære nye ting. Men innerst i ditt hjerte er du alltid vestlending», song MGP Junior-vinnarane Vilde Hjelle og Anna Naustdal i 2016.

Laurdag kveld på Kapittel skipar vi til ein landsdelsromantisk festkveld med forfattarane Erlend Nødtvedt, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Tønes og Tore Renberg på scenen. 

Kvelden startar med ei lesing frå Vestlandet av Erlend Nødtvedt. Deretter leiar Harald Birkevold ein samtale om kva det vestlandske er, med Nødtvedt, Marit Eikemo og Olaug Nilssen. Etter ei lita pause intervjuar Tore Renberg Frank Tønnesen (Tønes) om visesongarens tekstunivers  og Tønes gir oss ein minikonsert.

eikemo nilssen nødtvedt tønes birkevold renberg kapittel18 lørdag pelikanen samlaget aschehoug