page view image

Stein Torleif Bjella i Gymmen

Arrangementsinformasjon

Det er berre to tragediar i livet: Tap av kjæraste og jordskifte. Slik innleiar Stein Torleif Bjella diktsamlinga ”Jordsjukantologien”

– Eg har prøvd å halde to tema gjennom samlinga, og det er korleis eigesjuka grip inn i både jord og kjærleik, seier Bjella. - Berre negativt er jordsjuke heller ikkje. Det handlar òg om vilja til å få til noko, skape noko – og sjå nytta i naturressursane som ligg der.

Det å vere «jordsjuk» dukka først opp som ein låt på 2011-skiva «Vonde Visu».

- Eg var nok ikkje heilt ferdig med temaet, med omgrepet, som eg først vart presentert for munnleg heime i Ål. «Han er veldig jordsjuk», seier folk, og da veit alle kva vi snakkar om, seier han i eit intervju til NTB.

Dermed vart dikta til. Ofte er dei historieforteljande, men òg meir korthogne linjer som kompletterer kjenslelivet til karakterane. Antologien startar med orda: «Det er berre to tragediar i livet: tap av kjæraste og jordskifte».

Til Gymmen scene kjem Bjella åleine med gitaren og diktsamlinga denne kvelden. Velkomen til eit nært og eksklusivt møte den folkekjære hallingen, solo på Nordfjordeid.

Arrangør: Gymmen og Rom for ord i samarbeid med Malakoff, Eid bibliotek og Operahuset Nordfjord.


NB!!   Få billettar – først til mølla! Aldersgrense 18 år

enkelkonsert