page view image

Gymmen Americanafestival 2018

Arrangementsinformasjon

10. mars er det klart for den aller fyrste Americanafestival i Gymmen! Denne kvelden vil du kunne høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring. Mellom anna kan ein oppleve elevar frå kulturskulen i Eid, ulike soloinnslag og lokale band som vil formidle musikk med røter i den amerikanske folkemusikken. 

Til å headline kvelden har vi fått med oss fantastiske Darling West. Dette er eit av dei leiande country- og americanabanda i Noreg, som også er plateaktuelle med den fantastisk nye plata "While I Was Asleep". Gruppa vann Spellemann for albumet Vinyl and a Heartache i 2016, spelte på Øyafestivalen i fjor og legg no staselig nok turen innom Gymmen på sin Norgesturne. 

Americanafestivalen i Gymmen vil passe for både musikkinteresserte og nysgjerrige publikummarar som vil oppleve kvalitetsmusikk ei triveleg atmosfære i nykoselege Gymmen.


Arr: Gymmen Scene & Studio and Americanafriends
CC: 200,-
18 års aldersgrense. Gymmenbaren er open.
Dørene opnar kl 1900, fyrste konsert kl 1920


Program

19:00  Dørene opnar

19:20  Naustdals

19:40  Peter Z Deltabluesband 

20:00  Silvia og Oddbjørn

20:20  Oen m/Band

20:40  Kulturskulen i Eid

21:00  Misery & Company

21:30  Jackbow

22:00  Darling West


Artistomtale

DARLING WEST
I starten var Darling West berre ei låt. Ein tekst og ein melodi laga av ekteparet Tor Egil og Mari Kreken, som seinere og vart navnet på gruppa dei starta ilag med Kjetil Steensnæs. I dag har Darling West utvikla seg til å bli eit av Noregs ledande country- og americanaband. I 2016 vant dei Spellemann for albumet «Vinyl and a Heartache».

2017 har ført Darling West på kryss og tvers av landets konsertscener. I august åpna dei sjølvaste Øyafestivalen på hovedscena i Tøyenparken. Dei har varma opp for Lucinda Williams i Finland og spilt med den amerikanske countryartisten Sam Outlaw i Sverige. USA har tatt bandet godt i mot, og med 10 konserter på SXSW i Texas, showcaser i New York og Nashville må det kunne kallast ein Amerika-suksess! I september vart dei igjen invitert til Nashville og verdens største americana-festival, AmericanaFest, der dei spelte tre utsolgte konsertar. 

Darling West sitt nye album «While I Was Asleep» vert slept 16. februar. Albumet følger opp forgjengarane ”Vinyl and a Heartache” (2016) og ”Winter Passing” (2014). I samband med dette legg Darling West ut på ny turné i Norge, og 10. mars kjem dei til Nordfjordeid og Gymmen Americanafestival 2018!!!!


JACKBOW 
Dei lokale unge rockegutane - Håkon, Andreas, Jakob og Peder-  går Americana for ein kveld og serverer eigne og andre sine låtar i ny americanautgåve.


KULTURSKULEN I EID
Superflinke elevar tek med seg innøvde americanasongar til Gymmen denne kvelden.


MISERY & COMPANY
Mighty fine pickin`and a-singin`! M&Cy leverer kortreist bluegrass, spelt med humør og trøkk. Sigmund, Oddbjørn, Atle, Peter og Eirik stiller med nystemte gitarar, banjo, fele og kontrabass og garanterer tramp og trall i Gymmen. 


ATLE OENS
Atle Oen har med seg eit lag av lokale heltar og spelar eigne låtar i americanasjangeren. For aller første gong!


PETER Z DELTABLUESBAND
Delta Force er Renate, Sverre og Peter. De spiller Blues fra en svunnen tid. 


SILVIA og ODDBJØRN
Duoen har dei siste åra spelt ved diverse tillstelningar saman og kan garantere god stemning og et variert repertoar.  Dei vil spele det dei likar av countrymusikk, med Oddbjørn på gitar og vokal, og Silvia på vokal


NAUSTDALS
Familien Naustdal - Hege, Anna, Runar, Peder og Arnt-Ivar-  stiller på scena ilag for fyrste gang, og det med rykande ferske americanatolkingar.





enkelkonsert