page view image

Vossa Jazz 2018, Eldrejazz med Helge och Polarna

Arrangementsinformasjon

Sceneveteranen Helge Jordal treng neppe nærare presentasjon for kremen av Vossa Jazz-publikummet. Denne gongen tek han oss attende til glanstida til svensk visesong på 60- og 70-talet. Her vert det tur på trasiga skor, skrøner og dikt, og kanskje ein fuktig fest med Polaren Pär? Med seg på scena har Helge musikarar frå Valerina Fortes Orkester, bandet som har 68-årsgrense på konsertane sine, og som grunnla Eldrejazzturneen i 2016. Dei får ikkje nok, og gler seg vilt til å sjå att gamle vener på Voss!

voss vossajazz jazz festival jazzfestival eldrejazz helgejordal valerinafortesorkester