page view image

Acapulka sidermarsj

Arrangementsinformasjon

Acapulka sidermarsj - ein uhøgtidleg historisk marsj mellom aust og vest


Ein samla marsj frå Fagerheim til Finse og retur til Fagerheim. Målet er å henta ei flaske hardangersider på Finse med eigen etikett som du bringer med til banketten laurdag kveld på Fagerheim.

Me stiller med dyktige og trygge guidar som losar deg gjennom helga. Velkomen til fjells og den mektige Hardangervidda. Opplev gleda av å dra pulk og bu i telt vinterstid.

Høver for deg:

....som ønskjer å kombinera ei vinternatt i telt med "bløte dyner" og stettaglas framom peisen

....har lyst på ein utfordring utanom det vanlege og er motivert for å testa eigne grenser

....som likar det enkle friluftslivet sameina med velfortent komfort og gourmetmat

....har lyst til å telta vinterstid, men manglar utstyr og kompetanse

....ynskjer å oppleva vinterfjell med røynde fjellfolk

Vertskapet på Fagerheim gler seg til å ta i mot deg på vinterfjellet!

PROGRAM:

Torsdag:

Kl 19: Ankomst Fagerheim og innlosjering
Kl 20: Middag, ferdaråd og utedeling utstyr

Fredag:

Frukost
Tur Fagerheim - Finse (29 km). Estimert tidsbruk: ca 8 timar. Trasé langs kvistaløypa.
Avhenting hardangersider på Finse
Etablera teltleir på Finsefetene og laga middag

Laurdag:

Frukost i teltet
Retur Fagerheim. Estimert ankomst ca kl 17.
Kl 19: Bankett med 3-rettar middag i matsalen

Sundag:

Frukost.
Heimreise.

Bankett med 3-rettar laurdag kveld. Aldri feil.

UTSTYR:

Obligatorisk deltakarutstyr:
På tur:
1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX vert ikkje akseptert.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
(Ski, skisko, feller og stavar kan leigast av arrangør. Eige skjema i påmeldinga.)

I pulk:
1 stk liggjeunderlag til vinterbruk
1 stk vintersovepose med nedre grense -10 grader (T-comfort: kvinner, T-limit: menn)
1 stk snøspade
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
2 stk full termosar. Min 1,5 l totalt.
1 stk SPORK eller liknande bestikk
1 stk låda eller plasttallerken
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartkartserien "1:50 000 Hardangervidda"
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
Mat og snop utanom måltid

Arrangørutstyr:
Arrangør stiller med telt, brennarar, pulk og sele, sambandsutstyr og sams tryggleiksutstyr.

Glede over å dra med eigen pulk. Arrangør stiller med utstyr!

PRIS

Totalpris for kurset er kr 6900 og inkluderer:

- overnatting 2 netter på Fagerheim fjellstove (tomannsrom/dobbeltrom)
- middag ankomstdag
- 3-rettar middag
- ei flaske sider
- leige personleg utstyr: pulk, sele, drag
- leige fellesutstyr: telt, brennarar
- guide/instruktør

Prisen inkluderer ikkje:
- måltid på tur (niste, frukostrasjon og fryseturka middag kjøpast på Fagerheim og ta med)
- enkeltromstillegg

TRANSPORT

Du kan nå Fagerheim med eigen bil og det er brøytt parkeringsplass på tunet. Fagerheim ligg ca 12 min vest for Haugastøl og 20 min frå Ustaioset. Kjem du med tog, ta kontakt med arrangør om evt henting på stasjonen.

VILKÅR

Avbestillingsvilkår gjest:
- Eventuell avbestilling som vert motteken innan to veker før ankomstdato er gebyrfritt.
- Dersom avbestillinga vert motteken seinare enn 14 dagar før ankomst lyt ein betala 50% av den totale kostnaden.
- Dersom avbestillinga vert motteken seinare enn 7 dagar før ankomst lyt ein betala 100% av den totale kostnaden.

Me oppmodar alle å teikna reiseforsikring.

Vilkår arrangør:
- Terskelen for å avlysa er høg. Instruktørane er trente i å handsama barskt klima og tilbyd trygge rammer på tur.
- Ved uforsvarlege vérmeldingar, stengt veg eller sjukdom i stab kan arrangør kansellera. Heile beløpet vert då refundert.
- Arrangør kan justera dagsinnhaldet ut frå gruppesamansetjing eller ut frå vurderingar om vér og føre
- Dersom innskrenking av tid på kurset vil deler av avgifta verta refundert

Vakre Fagerheim i nydeleg vinterljos. Foto: AK Glück-Teigland


Om Acapulka:

Pulkprodusenten Acapulka er kompromisslaus på kvalitet og har vore der sidan oppstarten på 90-talet. Store ekspedisjonar har vorte utstyrt med pulk frå den norskproduserte leverandøren. Og pruduktutviklinga har fått innspel frå dei beste i felt gjennom ei årrekkje. Dette gjer Acapulka til verdas beste produsent av pulkar. Og du vil kunne dra din eigen midell på Acapulka sidermarsj 2023!