page view image

Åsnes Academy på Fagerheim

Arrangementsinformasjon

Åsnes Academy på Fagerheim - ein roleg introduksjon til vinterfriluftsliv på Hardangervidda.


Me stiller med dyktige og trygge guidar som losar deg gjennom helga. Velkomen til fjells og den mektige Hardangervidda. Opplev gleda av å dra pulk og bu i telt vinterstid.

Høver for deg:

....som ønskjer å kombinera ei vinternatt i telt med "bløte dyner" og stettaglas framom peisen

....har lyst på ein utfordring utanom det vanlege og er motivert for å testa eigne grenser

....som likar det enkle friluftslivet sameina med velfortent komfort og gourmetmat

....har lyst til å telta vinterstid, men manglar utstyr og kompetanse

....ynskjer å oppleva vinterfjell med røynde fjellfolk


Samla tropp, store opplevingar, mektig landskap. Foto: Benjamin Hjorth/Åsnes

TEMA:

Målet er å gje deg som gjest ein innføring i fjellferdsel vinterstid basert på telting og gjera deg i stand til å planleggja og gjennomføra eigen vintertur på eiga hand utanfor kvista løyper.

- Turplanleggjing: tryggleik, kunnskap og vurderingar

- Vegval. Orientering med kart og kompass og GPS

- Vintertelting: vegvisar til gode rutinar og god tryggleik og komfort

- Camprutinar: fyra primus og hygge

- Ski og pulk: kjennskap til utstyret og gode rutinar


Introduksjon til vintertelting i trygge rammer. Foto: Bård Basberg

PROGRAM:

Torsdag:

Kl 19: Ankomst Fagerheim og innlosjering
Kl 20: Middag og ferdaråd

Fredag:

Frukost
Turplanleggjing
Utdeling, gjennomgang og test av utstyr
Tur (maks 10 km)
Etablera teltleir og laga middag

Laurdag:

Frukost i teltet
Rundtur (maks 10 km) inkludert lunsj. Attende til Fagerheim ca kl 16.
Dusjing
Kl 19: Bankett med 3-rettar middag i matsalen

Sundag:

Frukost.
Heimreise.

Bankett med 3-rettar laurdag kveld. Aldri feil.

UTSTYR:

Obligatorisk deltakarutstyr:
På tur:
1 stk skalljakke og skallbukse i GTX-kvalitet eller liknande . Treningsklede ala SWIX vert ikkje akseptert.
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvottar
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue eller hette på jakke
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant (3/4 stålkant vert godkjent)
1 par fjellskistavar med brei trinse
(Ski, skisko, feller og stavar kan leigast av arrangør. Eige skjema i påmeldinga.)

I pulk:
1 stk liggjeunderlag til vinterbruk
1 stk vintersovepose med nedre grense -10 grader (T-comfort: kvinner, T-limit: menn)
1 stk snøspade
1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
1 par alpinbriller
1 stk balaklava
1 stk hovudlykt med ekstra Lithium batteri
2 stk full termosar. Min 1,5 l totalt.
1 stk SPORK eller liknande bestikk
1 stk låda eller plasttallerken
1 stk kompass
1 stk kart Norgeskartkartserien "1:50 000 Hardangervidda"
1 stk personleg førstehjelpsutstyr (minimum: enkeltmannspakke, sportstape og strips)
Mat og snop utanom måltid

Arrangørutstyr:
Arrangør stiller med telt, brennarar, pulk og sele, sambandsutstyr og sams tryggleiksutstyr.

Innføring i orientering i fjellet. Foto: Crister Aalberg Næss/Åsnes

PRIS

Totalpris for kurset er kr 6900 og inkluderer:

- overnatting 2 netter på Fagerheim fjellstove (tomannsrom/dobbeltrom)
- middag ankomstdag
- 3-rettar middag
- leige personleg utstyr: pulk, sele, drag
- leige fellesutstyr: telt, brennarar
- guide/instruktør

Prisen inkluderer ikkje:
- måltid på tur (niste, frukostrasjon og fryseturka middag kjøpast på Fagerheim og ta med)
- enkeltromstillegg

TRANSPORT

Du kan nå Fagerheim med eigen bil og det er brøytt parkeringsplass på tunet. Fagerheim ligg ca 12 min vest for Haugastøl og 20 min frå Ustaioset. Kjem du med tog, ta kontakt med arrangør om evt henting på stasjonen.

VILKÅR

Avbestillingsvilkår gjest:
- Eventuell avbestilling som vert motteken innan to veker før ankomstdato er gebyrfritt.
- Dersom avbestillinga vert motteken seinare enn 14 dagar før ankomst lyt ein betala 50% av den totale kostnaden.
- Dersom avbestillinga vert motteken seinare enn 7 dagar før ankomst lyt ein betala 100% av den totale kostnaden.

Me oppmodar alle å teikna reiseforsikring.

Vilkår arrangør:
- Terskelen for å avlysa er høg. Instruktørane er trente i å handsama barskt klima og tilbyd trygge rammer på tur.
- Ved uforsvarlege vérmeldingar, stengt veg eller sjukdom i stab kan arrangør kansellera. Heile beløpet vert då refundert.
- Arrangør kan justera dagsinnhaldet ut frå gruppesamansetjing eller ut frå vurderingar om vér og føre
- Dersom innskrenking av tid på kurset vil deler av avgifta verta refundert

Lukke i høgfjellet! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Kva er Åsnes Academy?

Me ynskjer å tilretteleggja, inspirera og hjelpa deg til å oppnå dine naturdraumar. Me vil bryta ned barrierar, gje deg tilgang til mengder med kunnskap og informasjon om vinterfriluftsliv generelt. Med tilgang til den kunnskapen me har opparbeidd over tid, så ynskjer me å gje deg enkle vertøy og tips til eit komplekst vinterfriluftsliv når du skal utanfor komfortsonen i jakta på fantastiske naturopplevingar.