page view image

Flukten

Arrangementsinformasjon

FLUKTEN

Kva skjer når du sperrer inne fire av dei mest kreative musikarane i norsk jazz? Dei skaper.

I mars 2020, då koronapandemien stengte Noreg, fann Flukten sin fristad. Flukten er styrt av ein ting - viljen til musikk.

Flukten består av musikarar frå nokre av dei mest kritikarroste banda i norsk jazz dei siste åra:

Karl Hjalmar Nyberg, Sax (vikarierer for Hanna Paulsberg)

Marius Klovning, gitar

Hans Hulbækmo, trommer

Bárður Reinert Poulsen, bass

Etter Fluktens debutkonsert på Nasjonal Jazzscene i fjor skreiv mellom anna kritikarane «er det noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne.»

Med referansebiblioteket fylt med John Scofield, Joe Lovano, Per «Texas» Johansson, Salif Keita og Paul Motian, tek dei vegar om hip hop, soul eller folkemusikk frå kvar det skal vere. Her kan alle spontane innfall bli dyrka fram og utforska. Flukten gir deg skitten jazz å danse til og mjuk, finstemt jazz å tenke til. Det er musikk som feirar livet med rom for det utrulige.

I Februar 2021 gjekk dei fire i studio, med same opne haldning som første gong dei jamma. På Fluktens debutalbum høyrer du saksofonist Hanna Paulsbergs evige vokabular og mangefasetterte tone utfalde seg fullstendig kompromisslaust. Du høyrer gitarist Marius Klovning midt mellom John Scofield, skarp soul, western og norsk folkemusikk. Hans Hulbækmo sitt trommespel er nærliggande å samanlikne med pianosolistar i hans melodiske repertoar. Bassist Bárður Reinert Poulsen driv det heile med punchy, hardtswingande hand og gir oss kjenslevare soloparti.

Saman er Flukten ein eksplosjon av speleglede frå nokre av Noregs fremste musikarar.

Låtane på albumet spenner frå leikne melodiar til klangar med motstand. Nokre gongar er utgangspunktet for låtane eit opptak av nynning på ein mobiltelefon. Andre tider er det augeblikksbilder av improvisasjonar i det levande studioet. Nokre gongar dansar musikken, andre gongar er den som mjuke hender. Brått kastar dei seg ut i ekstase. Plata er den soniske ekvivalenten til å kaste seg frå ei varm badstu og ut i det kalde havet. Denne musikken vekkjer deg.

Dette er musikk som berre kunne blitt til av akkurat desse akkurat no.

Kanskje ligg du på golvet med eit bok i timesvis, kanskje drikk du deg full, kanskje spring du til skogs? Vi treng alle å flykte inn i mellom.

Foto: Bjørn Opsahl

klubbkonsert jazzclub godmusikk jazz