page view image

MONO 2021

Arrangementsinformasjon

Supereksklusiv ein-til-ein lytting med Fredrik Høyer på toppen av trapperommet til Skalltaket!


Fredrik Høyer er ein norsk forfattar, dramatikar og artist som jobbar mykje med lyd. Til denne installasjonen har han skrive og spelt inn ei 12 minutt lang novelle på ein gamal kassettspelar, og sit i ein støvete sofa og hører på den på hovudtelefonar, saman med éin og éin publikummar, tolv gongar. Resultatet er eit nært møte med teksten og forteljinga, i ei form for live-lytting til lydbok, som på lågmælt vis viskar ut skilja mellom performance, litteratur og teater. Utruleg få billettar! Ikkje for dei med høgdeskrekk, eller dei som ikkje kan gå i trapper.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.