page view image

Lysthuset - Skeiv aften 2021

Arrangementsinformasjon

Pikekos og bygdebøgar. Kåte karar og frigide fruentimmer. Opp gjennom historia har det vore nok av historier om menn som liker menn, kvinner som liker kvinner - og dei som liker både det eine og det andre. Mange av dei historiene finn stad på bygda.


Kristin Fridtun er forfattar og Lars Korff Lofthus er kunstnar. Dei har begge arbeidd med spørsmål om skeiv kjærleik og seksualitet, både i samtid og fortid. Dette er eit felt det aldri blei plass til i den nasjonalromantiske forteljinga om Noreg, men dei var jo der likevel. Kva plass har homoar, lesber og andre skeivingar i historia om den norske attråen? Kva skjer i dei eldhusa langs fjorden der berre menn får sleppe inn? Og har kvinner eigentleg ein seksualitet?

Fridtun og Lofthus møter kommentator og forfattar Jens Kihl til ein fredagsprat i Lysthuset om hug, homs og historie. Og jo, alle tre er skeive.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no



 

littsymp oddaoddaodda