page view image

KRIMINELT BEGJÆR KINSARVIK 2021

Arrangementsinformasjon

Nordmenn slukar krim som aldri før. Kva er det med denne sjangeren som fascinerer oss så enormt? Har krimmen eit ufortjent dårleg rykte som «folkeleg»? Er det i det heile tatt noko galt med å skrive folkeleg, og er det nødvendigvis meir lettvint å skrive ei god krimbok enn andre bøker? Og kva er det med Bergen som fostrar så mange krimforfattarar? Chris Tvedt er særskilt kjent for bøkene om advokathelten Mikael Brenne. Gunnar Staalesen har skrive seg inn i norske hjarter i mange tiår, mellom anna med bøkene om Varg Veum. Bergensarane møter Guro Kvalnes til samtale. 



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda