page view image

NATTERAPI 2021

Arrangementsinformasjon

Dei to fritenkande terapeutane Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten har redda Hardanger-regionen frå mange kriser. Opp gjennom åra har dei gjort fleire hardingar til mangemillionærar, gitt folk evig liv og hjulpe tusenvis ut av livskriser. I fjor hadde terapeutane ei særs vellykka utdriving av Netflix frå Odda sentrum. No tar dei to alle frisinna med på ein natterapi som manglar sidestykke i norsk historie. Ta den ultimate turen ut i Odda Sin City, inn i mørkets hjarte, slepp deg tungt ned i hedonismen, oppdag erogene soner du ikkje ante at du hadde og kjenn på den dyriske attråen som lurer like under overflata på alle litteraturfestivalar. (Aldersgrense: 44 år eller fungerande koronapass!).


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda