page view image

BIKUBEGANG 2021

Arrangementsinformasjon

MERK: Arrangementet er gratis. Du treng ikkje billett. 


Bikubegang har i alle år vore vore både eit flaggskip og eit lågterskeltilbod på symposiet. Då vi la ut billettane til årets symposium var det framleis strenge restriksjonar i samfunnet og avgrensa kor mange som kunne vere med på dei ulike arrangementa. Vi la ut Bikubegang med billett for å ha kontroll på folkemengden. (Dei som har vore på symposiet tidlegare veit at Bikubegang tidvis ser ut som eit folketog). Slik er det heldigvis ikkje lenger! Vi gjer difor Bikubegang om til eit gratisarrangement igjen: Vårt eige, fine lågterskeltilbod!


_________________________

Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. Byvandringa startar utanfor Murboligen, bustadblokka der alle hovudpersonane i romanen Bikubesong bur. Bikubegang er ei vandring i både det litterære og det konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa. I løpet av turen tar Grytten oss til fleire stopp i Odda. Til frelsesarmeen, og den gamle platesjappa til Bessie. Han tar oss med til flytebrygga på kaia der partisekretæren frå Bikubesong ramlar i Sørfjorden straks han går ut av sjøflyet og endar opp med ein våt og uleselig 1. Mai-tale. Når vi kjem til gatekrysset øvst i Gågata, fortel Grytten om slaget i Skrevet i 1931, då kommunistane og sosialdemokratane sine 1. Mai-tog brasa saman i eit gedigent masseslagsmål. Grytten fortel om dei legendariske snopedamene i den gamle snopebutikken i gåtata, tonesett av Odda Storband.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda