page view image

EKKO, OVID OG ALGORITMANE 2021

Arrangementsinformasjon

Ekko var den greske nymfa som snakka så mykje at ho til slutt berre kunne gjenta andre. Ekko var djupt forelska i Narcissus, han som forelska seg i sitt eige spegelbilete og døde av det. 

Thea Selliaas Thorsen er professor i klassiske studiar. Ho har publisert dei første norske gjendiktingane av kjærleiksdiktaren Ovid, og jobbar no med gjendiktinga av hans Metamorfoser, der myta om Ekko inngår. I 2019 drog Lena Lindgren til Silicon Valley i eit mislukka forsøk på å intervjue Mark Zuckerberg om Facebooks forsking på telepati. Det førte i staden til eit undersøkande essay om korleis medieteknologien har forheksa og invadert oss, sanseleg og samfunnsmessig. I boka «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær» ser Lindgren vår turbulente samtid gjennom myten om Ekko, og bruker nymfa i eit forsøk på å beskrive menneska sin blind date med kunstig intelligens. 

Selliaas Thorsen og Lindgren møtes til ein samtale om nymfa Ekko og kva krefter ho representerer, sett frå antikken og eit samtidsanalytisk perspektiv. Samtalen vert leia av filosof Øyvind Kvalnes.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda