page view image

SJAKK MATT 2021

Arrangementsinformasjon

Forfattar Eivind Riise Hauge har skrive læreboka Sjakk – Spillenes konge, ei innføring i sjakkspelet. Han har óg brukt spelet til å skapa skjønnlitterære skikkelsar i novellsamlinga Sjakkspillere. Kva er sjakk? Er det vitenskap? Er det sport? Er det kunst?

 Det einaste vi veit, er kva sjakk ikkje er: Eit brettspel. Det finst ikkje tal på alle sjakkspelarar som har dykka så langt inn i sjakken, at dei aldri fann vegen ut av galskapen. Kva er det med dette urgamle spelet som fascinerar hundrevis av millionar menneske over heile verda? Kan det vere det at det finst fleire moglege stillingar på eit sjakkbrett enn det finst atomar i det observerbare universet?

I dette foredraget fortel Hauge om sin fascinasjon for spelet, og trekk liner til dei store sjakkverka i Nabokovs «Forsvaret» og Stefan Zweigs «Sjakknovelle», men óg til Atle Grønn sitt verk om sjakk-kultur «Sjakken eller livet». Og kanskje nærmar han seg eit svar på spørsmålet som er umogleg å svare på: Kva er no eigentleg dette spelet for noko, det som ingen forlet utan varige merker av det.

Etter seansen held Hauge ein sjakksimultan, kor han går frå brett til brett og speler mot alle som ynskjer det.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda