page view image

DET GRÅDIGE HJERTE 2021

Arrangementsinformasjon

Skodespelar Lars Vik om si mor: feminist og forfattar Bjørg Vik sitt liv og forfattarskap. Bjørg Vik (1935-2018) debuterte i 1963 med novellesamlinga «Søndag ettermiddag». Boka var starten på eit langt forfattarskap: i løpet av førti år gav ho ut elleve novellesamlingar, fem romanar, drama og barnebøker. Vik tematiserte særleg kvinners liv og erfaringsbakgrunn. Skodespelet «To akter for fem kvinner» frå 1974 har blitt kalla «eit feministisk signaturdrama». Dei tre romanane om «Elsi Lund» frå nittitallet vert rekna som hennar viktigaste verk. Sonen Lars Vik er skodespelar, regissør og dramatikar, og gjev ut boka Bjørg Viks vei i september 2021. I ei varm skildring av si mor viser Lars Vik eit ærleg og nært portrett av forfattaren, samfunnsaktøren og privatmennesket Bjørg Vik, basert på dagbøkene hennar, brev og samtalar med dei rundt ho.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda