page view image

ikkje kjøp MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET 2021

Arrangementsinformasjon

Begjær har alltid vore ei sterk drivkraft i oss menneske. Det kan fylla oss med eit lystbetont pågangsmot til å vinna, utforska, erobre og elska, men begjæret har óg ei mørk og mektig side. Sjølv om vi frå fødselen har i oss eit behov for å vere trygg og ha tilknyting, ligg det ein kime til overskriding, villskap og å vere uansvarleg i oss. Alle har vel ein eller anna gong stått ansikt til ansikt med noko framand i oss og kjend på det: At vi kan kome til å gjere det motsette av kva vi tenker er rett. Denne villskapen er mørk og kroppsleg: Det er eit begjær som sit i kjøtet, som ein framand del av oss sjølv.

I vår tids sterke tru på fornuft og den gode vilje kan vi undervurdera at dette mektige og tidvis mørke kan leie oss ut på ville vegar. Heile Norges samlivsekspert, psykolog Sissel Gran har i boka “Men størst av alt er begjæret” satt seg fore å utforska kjøttets higen, dette noko i oss som får oss til å gå ut av vårt gode skinn: Vere utro, skjelle ut borna, krenke kjærasten, drikke oss fulle, slå, gamble eller bryte fartsgrenser. Gran held foredrag om det motsetningsfylte i oss.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.

 

littsymp oddaoddaodda