page view image

BEGJÆR I SOLNEDGANG 2021

Arrangementsinformasjon

Kjærleik kjenner ingen aldersgrenser, heiter det. Men kva med sex og begjær? Lyst blant godt vaksne er kanskje framleis eit tabu, i alle fall noko ein sjeldan snakkar så mykje om? I Gamle menns elskov skriv Per Knutsen om to gravferder og eit bryllup i ein krets av eldre homofile menn i Bergen. Sissel Gran har vore reisande i kjærleik i mange år. Ho har skrive essays om aldring i Morgenbladet og boka “Inni er vi alltid unge”, og har eit mål om å reinvaske begjær i alderdomen. Gran og Knutsen møter Kjersti Mjør til samtale om moden kjærleik.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.

 

littsymp oddaoddaodda