page view image

OM KRIM 2021

Arrangementsinformasjon

Seriar, podcaster, True Crime og bøker. Krim er i alle kanalar, og krimbøker topper ofte salslistene. Nokon blir drept. Ein etterforskar, advokat eller journalist– gjerne med demonar på skuldra – tek saka. Kva er det som fascinerer sjåarar, lyttarar og ikkje minst lesarar av kriminallitteratur? Kva fortel den store interessa for sjangeren om oss, og om samfunnet vi lever i? Kva skil kriminalromanen frå øvrig litteratur, eller er det eit kunstig skilje? Kan ikkje ei bok som inneheld drap og ei oppklaring vere høyverdig litteratur? Kvifor bryr ikkje aviser som Morgenbladet og Klassekampen seg om desse bøkene?

Kva fortel denne store appellen oss om kriminallitteraturen sin posisjon i Noreg i dag?

Forfatter og litteraturformidler Eivind Riise Hauge leiar samtalen med tre av våre fremste krimforfattarar.

Medverkande
CHRIS TVEDT
GUNNAR STAALESEN
RUTH LILLEGRAVEN
EIVIND RIISE HAUGE

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda med tema ATTRÅ. Heile programmet finn du på littsymp.no.


 

littsymp oddaoddaodda