page view image

MYOSOTIS

Arrangementsinformasjon

Gamle tonar, måla med roser, “Forglemmegei” på svart-kvit botn


medverkande:

Reidun Horvei, song

Carmen Bóveda, cello

Inger-Kristine Riber, piano

Myosotis er eit konsertprogram bygd over religiøse folketonar frå Vestland. Inger-Kristine Riber har bearbeidd folketonane med ei fargerik og mangfaldig klangverd for kveding, cello og piano. Musikarane har bakgrunn som strekk seg over fleire sjangrar, og framfører folketonane med sine særtrekk i nye inspirerande kombinasjonar.


Reidun Horvei - song

Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen. I utlandet har ho og turnért og medverka under mange festivalar på internasjonalt plan. På slutten av 70-talet vart ho kjend med Hauge sin diktnad og medverka som songar i fleire samanhengar med diktaren sjølv. Horvei har sidan 1992 vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og har i samband med dette gjennomført fleire produksjonar og publikasjonar.


Carmen Bóveda - cello

Carmen er frå ein liten by i La Rioja i Nord-Spania og byrja med musikkundervisning alt som fire-åring, først med Itziar Basagoiti som lærar  og seinare også med Francois Monciero.  Vidaregåande cello-studiar tok ho ved universitetet i Oviedo med Antonio Pena, og ho deltok i master-klassar med Damian Martinez Marco (i Barcelona), Aldo Mata (i San Sebastian). Etter tre år i Oviedo flytta ho til Bergen som utvekslingsstudent ved Griegakademiet, der ho i eitt år fekk undervisning av cellisten Sebastian Dörfler i Bergen Filharmoniske Orkerster. Etter det vart ho verande i Bergen for å avslutta bachelor-graden og deltok i master-klassar med Audun Sandvik, Konstantin Fitz, Agnese Rugevica, Jane Odriozola og Siri Hilmen. Medan ho tok master-graden fekk ho studera med John Ehde, og saman med han fekk ho høve til å utforska samtids- og eksperimentell musikk. Ho har spelt i ulike moderne kammermusikk ensemble og framført musikk av Schønberg (m. a. Pierrot lunaire), Hvoslef, Sæverud og også nykomponerte verk. 


Inger-Kristine Riber - pianist

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). Etter avslutta utdanning vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE- DEAD for å sikra vidare internasjonal kunstnerisk profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag i USA, Tyskland, Italia, Sveits, Storbritannia og Skandinavia. I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg som komponist og kulturell entreprenør. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk, og ho har leia fleire eigeninitierte prosjekt både på nasjonal og internasjonal arena. 

-------

Med atterhald om endringar. 

Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

TRYGT KONSERTBESØK

Me fylgjer styresmaktene sine føreskrifter og retningsliner for å skapa eit sikkert miljø for publikum og medverkande. Når du vitjar konserten ber me deg om at du:

  • Held god avstand til andre vitjande 
  • Fylgjer retningslinene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje ta del om du har luftvegssymptom eller sit i karantene.


Ein bør rekne noko meir ventetid ved innslepp til konserten enn vanleg, og me tilrår å møte opp min.  20 min før konserten startar. Me ynskjer deg ein god konsert og me gler oss til å sjå deg! 

folketonar konsert oystese
støtta av: