MYOSOTIS

Arrangementsinformasjon

Gamle tonar, måla med roser, “Forglemmegei” på svart-kvit botn


medverkande:

Reidun Horvei, song

Carmen Bóveda, cello

Inger-Kristine Riber, piano

Myosotis er eit konsertprogram bygd over religiøse folketonar frå Vestland. Inger-Kristine Riber har bearbeidd folketonane med ei fargerik og mangfaldig klangverd for kveding, cello og piano. Musikarane har bakgrunn som strekk seg over fleire sjangrar, og framfører folketonane med sine særtrekk i nye inspirerande kombinasjonar.


Med atterhald om endringar. 

Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.


TRYGT KONSERTBESØK

Me fylgjer styresmaktene sine føreskrifter og retningsliner for å skapa eit sikkert miljø for publikum og medverkande. Når du vitjar konserten ber me deg om at du:

  • Held god avstand til andre vitjande 
  • Fylgjer retningslinene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje ta del om du har luftvegssymptom eller sit i karantene.


Ein bør rekne noko meir ventetid ved innslepp til konserten enn vanleg, og me tilrår å møte opp 30 min. før konserten startar. Me ynskjer deg ein god konsert og me gler oss til å sjå deg! 

folketonar
konsert
vossestrand
Turneen er støtta av Vestland fylkeskommune