Superjazz med Twang Gang
Arrangementsinformasjon
Brune kneiper, bluesfestivalar, countyfestivalar, jazzfestivalar, ungdomshus, kulturhus, bryllaup, gravferder, gebursdagar, firmafestar, motelanseringar, afterski, danskebåt, rockabillycruise, englandsbåt og sikkert mykje anna rart. Lista er lang når ein ser på kva den over snittet hardtsvingande Twang Gang’en har vore med på i løpet av 20 år.
Noko av det aller kjekkaste dei har vore med på er samarbeidet dei har hatt i fleire år med Supergruppo. Og no er dei klare for konsert på Superjazz!
Les gjerne meir på www.vossajazz.no.
Konserten vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.
Hugs god hand- og hostehygiene – hald avstand – bli heime dersom du er sjuk, sjølv med milde symptom dersom teikn på luftvegsinfeksjon.