page view image

RO/URO 2020

Arrangementsinformasjon

Konsertforedrag av og med Marthe Valle om uroa i oss.

Einsemd og depresjon er folkesjukdomar i Noreg. Særleg depresjon er høgt oppe på lista over årsaker til at folk vert sjukemelde. Korleis skal vi leve med uro i ei ustabil tid, der fokus vert tatt vekk frå det indre? Kva er depresjon og einsemd, og korleis kan vi unngå dette for oss sjølve, i sosiale relasjonar og på jobb? Korleis leve med naturlege bølgedalar, og finne balanse i livet?

Som sjukepleiar i psykiatri har Valle i mange år jobba tett på tematikken. Som musikar har ho skrive musikk som set ord på indre uro. Marthe er ein artist som når inn til lyttaren, og som bidreg til refleksjon og endring. Foredraget var tingingsverk til Festspillene i Nord-Norge i 2018, og er gitt ut på plate.


 

littsymp oddaoddaodda