page view image

Frå høge himmel

Arrangementsinformasjon

Frå høge himmel er ein annleis julekonsert med vakre, tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Den fagraste Rosa, Et barn er født i Betlehem, Her kjem me dine arme små, Mitt hjerte alltid vanker, med fleire, med lokale melodiar frå Egersund i sør til Karmøy i nord.

Somme av salmane er slike vi framleis brukar i jula, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring.

Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med piano, keyboard og klarinettar.

Medverkande:
Åshild Vetrhus – folkesong
Andreas Ulvo – piano, tangentar, song
Morten Barrikmo – klarinettar, song

Konserten vert skipa til i samarbeid med Voss jazzklubb.


Les gjerne meir på www.vossajazz.no.


Hugs god hand- og hostehygiene  –  hald avstand  –  bli heime dersom du er sjuk, sjølv med milde symptom dersom teikn på luftvegsinfeksjon.

åshildvetrhus andreasulvo mortenbarrikmo himmelsong osasalen voss vossajazz