page view image

LITTERATUR PÅ LOFFEN 2020

Arrangementsinformasjon

Knut Markhus og Ida Lødemel Tvedt. Ordstyrar er Jens Kihl.

Litteratur på loffen Reiselitteratur er ein eldgammal sjanger, som strekker seg frå Pausanias’ reiseskildringar frå oldtidas Hellas, via eventyrlege fiksjonsforteljingar som Gullivers reiser av Jonathan Swift, til moderne kulturkritisk essayistikk av mellom andre Teju Cole eller Geoff Dyer. Ida Lødemel Tvedt fekk i 2019 mykje merksemd for langessayet Marianegropen, som strekker seg frå Brooklyn til Hovdebygda med pit stops eit mylder av stader, og har skrive reiseessays i Dag og tid. No jobbar ho med ei ny bok kor reisetilstanden spelar ei sentral rolle. Knut Markhus er historikar og har skrive fleire bøker med reise som utgangspunkt, mellom andre Ein Edens hage om 1800-talets reiseskildringar av Hordaland. Kva tenker dei to forfattarane om å skrive om, og i, transitt? Kan ein fange noko djupt og sant ved kulturar som midlertidig, utanforståande observatør, som ein ikkje får auge på som fastbuande? På kva måte er reise fruktbart som litterært utgangspunkt, og kva for fallgruver finst det som skrivande turist?


 

littsymp oddaoddaodda