page view image

STØR OG SJAMPANJEBRUS RØLDAL 2020

Arrangementsinformasjon

I Stør og sjampanjebrus – bygdebok for Bjølledalen, losar bygdebokforfattar lesaren fram til Bjøllestad, ei artig, men lite omtala industribygd i Hardanger. Mellom kultursoge, industrisoge, gardssoge og folkeminne stoppar vi opp ved levande og ikkje-levande, tilbake- og framståande bjøllingar, slike som til dømes den usynlege Åsa Migrenen (1945–d.d.), fabelaktige Aslaug Sletta frå Medstrond (1960–d.d.), surpompen Magnhilds-Torsten Dalane (1928–d.d.), eller den briljante nederlandske sluseingeniøren Jan Kuuk (1898–1995). Utan meirkostnad for lesaren er boka utstyrd med personregister og matoppskrifter, og ein kopi av «Bjøllosongen». Erlend G. Huus presenterer si nye bok.


 

littsymp oddaoddaodda