page view image

SENTRALBADET POESI 2020

Arrangementsinformasjon

Dette er ikke et stille sted

I poet Henning H. Bergsvåg si siste bok Dette er ikke et stille sted, er vi vitne til eit mystisk forhold mellom to unge skrivande, ei kvinne og ein mann. Kvinna forlet ikkje leilegheita der dei bur, ho prøver å skjerme seg frå ei overveldande, akselererande verd. Deira desperate kjærleik er forkledd som gamal. Dei søkjer dekning i kvarandre, og i eit språk som stadig krakelerer i møte med frykt for framtida og ei sterk lengt mot ei endeleg natt, ein endeleg undergang. Er det håp for dei to? Vil dei finne ei ny livstru i språket, ei forløysing i det diktar-eg’et overtek ansvaret for ord og kropp til sin elskande, forlet leilegheita og beveger seg ut på gata? Dette er ikke et stille sted undersøkjer korleis vi uunngåeleg definerer, avgrensar, men kanskje også reddar kvarandre når vi gror inn i kvarandre sine språk.


 

littsymp oddaoddaodda