DET PERSONLIGE MØTET MED VERDENSPOLITIKKEN/ Edy Poppy og Julian Blaue

Arrangementsinformasjon

- Skal det være ein kopp unfair trade - kaffi til sjølvanmeldinga? 

 

Kunstnarfamilien Julian Blaue, Edy Poppy og deira to born kjem til Teaterfestivalen i Fjaler i brannbilgalleriet dei har budd i det siste halvåret. Dei har nettopp vore i Rio de Janeiro på etterforskningsreise.

 

Forhistoria: Blaue og Poppy fekk augene opp for den strukturelle volden dei, og dei fleste andre privilegerte, utøver mot underklassen etter at dei vart overfalt av to menn frå ein favela i Rio julaften 2015. Dei to mennene står på botnen av eit globalt hierarki, medan kunstnerfamilien befinner seg i midten. ’Overfallet på oss er også eit overfall på dette hierarkiet. På strukturar vi opprettheld og prof terar på’. Som konsekvens av denne tanken grunnla dei ein lov mot strukturell vold og anmeldte seg sjølv i ein performance på Sørlandets Kunstmuseum 9. mai 2018. Så tok dei turen til Rio de Janeiro, for å sanke inn bevismateriale mot seg sjølv. På Museu de Arte do Rio presentar dei, i august, rapporten fra denne omvendte kriminalhistorien, i byen til åstedet. 

 

I den globale økonomien er brasilianske anliggende ikkje berre brasilianske anliggende. Det er også europeiske og norske, for ikkje å snakke om Sogn og Fjordane sine anliggende. Rapporten om den kollektive skylden mot underklassen, som dei to mennene fra Rio-favelaen representerar, vises derfor også frem her på festivalen. For du bør spørre deg: Må ikkje du, som like privilegert, kanskje også ta din del av ansvaret?

 

Under festivalen fungerer brannbilgalleriet som anmeldelseskontor. Her tar Blaue imot sjølvanmeldingar fra deg og dine naboer, mens Poppy serverer unfair trade kaffe og kaker frå Brasil. Dommen mot kunstnarane og andre som har anmeldt seg selv avsiges i ein rettssaksperformance, senast i 2020