FREDAGSKVELD PÅ ØYRA

Arrangementsinformasjon

- Ein stemningsfull kveld med dans, musikk, bål og overraskingar !
 
Fredag kveld inviterer vi til ein stemningsfull kveld på Øyra og langs Storeelva. Vi tenner bål og inviterer til dans. Her har kan publikum oppleve kunstnarlege og musikalske smakebitar frå fleire av festivalkunstnarane, samt kjøpe varm mat og kald drikke.  Arrangementet er gratis.
 
frå kl. 20.30: - Dans med torsdagdansen.
frå kl. 21.30: - Leirbålforteljingar og musikalske innslag: Gertud Jynge,  Rolf Losnegård m/ gjestar.
frå kl. 22.47: - Det Foldalske Teatr og DeKor inviterer til eit Foldalisert utdrag frå Aristofanes ‘froskene’ på Storelva.
 
Heile kvelden : masterstudentane frå KHIO, Drop- in spøkelsesteater og Open heksehjelp.