FAMILIEKONSERT

Arrangementsinformasjon

Lengd: 60 min
Vaksne 250,- / gratis for born under 16 år

Konsert med Valdresstrykerne og musikarar frå Dextra Musica ved Mons Michael Thommessen (fiolin), Kristin Pas (bratsj), Maria Conde Campos (cello), Sverker Rundqvist (kontrabass), Felix Niel (fløyte) og Ingeborg Elisabeth Moe (klarinett). Duo Futt: Olga Jørgensen (klaver), Julie Yuqing Ye (klaver) og Geir Syrrist (slagverk). 

Programleiar og forteljar, Eilif Hellum Noraker.
Elsine Haugstad, dirigent. 

Kjære damer og herrar, dette er ein heilt uvanleg sjanse! Vi er inviterte til å vere med på «Dyrekarnevalet» – ei festframsyning utan like, først og fremst for dyr, men vi kan vel rekne oss som dyr, vi òg? Invitasjonane har gått land og strand rundt, til jungel, til fjell og savanne – og i dag har alle kome fram til den heilt naturlege adressa for festen her i Aurdal. Vel møtt, alle saman! Bienvenu, welcome, karibu! 

OM MUSIKKEN:

«Dyrekarnevalet» er skrive av den franske komponisten Camille Saint-Saëns. Det er eit kammermusikkverk for to klaver, to fiolinar, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, klarinett og slagverk.

Stykket består av 14 satsar som beskriv forskjellige dyr. Det er mange spennande dyr i Saint-Saëns’ dyrehage, og til og med dinosaur-fossila dansar med. 

I «Dyrekarnevalet» dansar elefanten ein liten vals, men sidan det er eit stort dyr som dansar, kan ein høyre at valsen er tung, litt treg og langsam. Klarinetten imiterer gauken, den mørke klangen frå klaveret kan derimot illudere ein mørk og litt dyster skog. Svana er så vakker, og det er ikkje vanskeleg å førestille seg ei kvit svane som glir over vatnet med eit klaver som illuderer dei små bølgjene. Også skjelpadda får plass, ho dansar cancan, ein dans som eigentleg er svært rask, men skjelpadda dansar tvert om svært langsamt.

 PROGRAM

 Solonummer med dei minste frå Valdresstrykerne

 Camille Saint-Saëns: Dyrenes Karneval, med forteljar.

 Ole Olsen: Suite for strykere op. 60.
Satsar: sang - nordlys og isfjell - vår - drøm - blant sigøynere - dverger og alver - solefallsang




Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Vi tar forbehold om endringer i programmet.